Side 1 av 1

Vareliste nummerering

Lagt inn: 05.10.2022 10:02
av StordHagehjelp
Hei.

BAS21 har vore eit fantastisk program å bruke fra eg starta opp i 2018 og framleis fungerer det utmerket.
Versjonane vert berre betre for kvar oppdatering.
Men eg savnar ein fuksjon, som eg ikkje trur skal være alt for komplisert å få til.?
Når ein legg til ei ny vare i varelista må ein manuelt skrive inn varenummer. Dette vert litt slitsomt når ein har veldig mange varer, då varene ikkje ligg etter nummer i lista(altså fra varenr.1--> siste vare lagt inn).
Det hadde vert til veldig god hjelp om de kunne automatisert dette, slik at neste ledige varenummer kjem automatisk opp, når ein trykker på legg til/registrer ny vare.
Takk for mange år med eit supert program!